The Fisher King

Eg har eit blanda forhold til filmane til Terry Gilliam, men gir stadig mannen nye sjansar. Takka vere det har eg fått sett den flotte Twelve Monkeys og no den nesten like flotte The Fisher King.

Jack Lucas (Jeff Bridges) er ei kjent, rappkjefta radiostemme med stor sjølvtillit. Når ein psykotisk lyttar vel å tolke orda hans bokstaveleg, og meir enn så, endar det opp i ein massakre på ein av uptown-klubbane i storbyen. Jack blir utpeika som syndebukk i media og går inn i ein tung periode.

Tre år seinare møter me Jack på mindre breialt vis enn tidlegare. I historia som etter kvart utviklar seg møter han på uteliggaren Parry (Robin Williams). I lag opplever dei litt av kvart. Det blir håplaust å fortelja meir utan å øydelegga gleda ved å sjå filmen.

I The Fisher King kjenner eg igjen Terry Gilliam sin måte å framstille samfunnet som ein kald plass på. Utan det varmare og kjensleladde dramaet hadde ikkje det appellert til meg. Kjemien mellom ulike skodespelarar er unekteleg god, i blant nok til å få den kalde kjensla nedover ryggen.

The Fisher King 1991 plakat - Filmdagbok