The Fitzgerald Family Christmas

Edward Burns står for manus og regi til The Fitzgerald Family Christmas.

Fitzgerald-familien består av eit skilt ektepar i 70-åra, som har fire døtrer og tre søner. The Fitzgerald Family Christmas tar for seg livet til alle til ei viss grad, med sonen Gerry (Edward Burns) som den sentrale hovudrolla.

Handlinga i filmen består i å samle desse til å feire jul. Stort meir skal eg ikkje røpe av handlinga. For blant nyare og ikkje minst blant nyare amerikanske familiedrama om juletider, så er det The Fitzgerald Family Christmas både passe jordnær og fin.

Med seg i denne filmen, som er den første turen tilbake til Long Island-miljøet for Edward Burns på åtte år, har han fleire av sine tidlegare kollegaer: Kerry Bishé, Caitlin FitzGerald, Heather Burns, Marsha Dietlein og Michael McGlone, som for første gang sidan She's The One dukkar opp i lag med Edward Burns på skjermen. Connie Britton, som debuterte i The Brothers McMullen og har spilt i to andre Edward Burns-filmar, spelar kjærleiksinteressa hans.

I ettertid har eg sett resten av filmane til Edward Burns, og The Fitzgerald Family Christmas føyer seg inn i ei sjanger- og tematisk blanding som Edward Burns kan godt: Familie, venner, nabolag og Edward Burns sjølv i ei rolle. Eg antar at du vil like denne filmen om likar det han har laga før.

The Fitzgerald Family Christmas er blant dei beste julefilmane eg har sett i å, og eg vil anbefale han vidare, til ein roleg og avslappande filmkveld.

The Fitzgerald Family Christmas 2012 plakat - Filmdagbok