The Fly

The Fly er ikkje for pingler. Sjå for deg ein mann, i dette tilfelle Seth Brundle (Jeff Goldblum), som får endra genane sine til å verte ein mellomting av mann og fluge. Dette skjer i storbudsjettfilmen til David Cronenbergs frå 1986, når forskaren Brundle skal teleportere seg sjølv frå Telepod 1 til Telepod 2 og får ei fluge med i teleporteringa.

Rein showoff av ein avskyeleg prosess er det nok ikkje, filmen har ei god kjærleikshistorie mellom Brundle og Veronica Quaife som blir spelt av Geena Davis. Kjærleikshistoria blir etter kvart ei svært så problematisk ei. Og ei utvikling som får meg til å stusse på kven som verkeleg er gode og kven som er skurkar. Jeff Goldblum bygg dessutan med denne gode prestasjonen opp igjen det dårlege inntrykket eg har av han etter dei største storfilmane frå 1990-talet.

The Fly 1986 plakat - Filmdagbok