The Flying Scotsman

Ein skotsk syklist og meister byggjer sin eigen sykkel for å ta verdsrekorden på ein time med temposykling. Filmen handlar om vegen dit, motstanden hans i den mentale tilstanden, og motstanden han møter av forbundet med sin nye sykkel.

Dette er stort sett ei positivt vinkla sak som handlar om å overvinne hinder. Nokon små mørke og vanskelege stunder må altså til, men det får aldri eit skikkelege fotfeste. Nokon eg i grunn kan sette pris på.

Det er ein lett og publikumsvennleg film. Historia er mest lineær, men med nokon få unntak. Samtidig er han enkel og visuell i forteljarstilen. Metodar som underbyggjer dette er når me ser syklisten får ein ide på grunn av at noko skjer i synsfeltet. Eksempelvis ein ide til kulelageret til sykkelhjulet fordi han ser vaskemaskina snurre fort utan mykje motstand.

The Flying Scotsman er ein relativt typisk sak basert på ei sann historie. At det er ein for det meste lykkeleg film gjer han noko føreseieleg, og det er difor positivt at filmen er heilt nede i ein og ein halv time lang. Eg lar meg underhalda, men ikkje imponere. Det er nok til å gi filmen ei god og litt over midt på treet rangering.

The Flying Scotsman 2006 plakat - Filmdagbok