The Fog

Det skal ei god vurdering til for å velja å sjå denne filmen om du har sett The Fog frå 2005. For nyinnspelinga med Tom Welling og Selma Blair er langt i frå solide saker. Samanlikna med originalen er han strippa for gode skodespelarar og overlessa med unødvendig dramatikk.

Her er derimot dei ekte sakene, det er betre mystikk, betre skodespelarar, ikkje vektlagt som ungdomsfilm, og eg klarar faktisk å skvette ein gong. Men han er ikkje skummel, og kjem aldri betre ut av det enn å vere ein over middels skrekkfilm i mine auger. Det er vel det som trekk filmen ned, for bortsett frå at han ikkje er spesielt skummel så har han det som skal til. God og stemningsfull musikk, ei grei historie, ei ung Jamie Lee Curtis, og god mystikk.

The Fog 1980 plakat - Filmdagbok