The Fountain

Darren Aronofsky er eit populært namn innan film frå det siste tiåret, takka vera Requiem for a Dream. Seks år er gått sidan den filmen, så forventingane til The Fountain var store blant mange. Personleg var eg skeptisk til filmskaparen sitt mest dagsaktuelle verk på grunn av mitt forhold til Pi.

Hugh Jackman og Rachel Weisz spelar Tom og Izzi i ein særdeles vakkert utsjåande film om tid og evig liv. Darren Aronofsky bestemte at spesialeffektane ikkje skulle bestå av dataanimasjonar. I staden blei mikrofotografi frå kjemiske reaksjonar, med positivt utslag, nytta. The Fountain er annleis enn anna moderne film. Varm og ekte framfor kald og kunstig. Kanskje han vil tåle tida betre på grunn av dette. Laga av ein med eit tydeleg auge for detaljar, utan å bli eit kjenslelaust perfeksjonistisk arbeid.

Etter slike godord kjem det nok ikkje som ei overrasking at eg likte The Fountain. Utfordrande og stort rom for ulik tolking, men likevel fattbar i filmen si litt rare eller krevjande innleiing. Både historia bak filmen, som opphavleg vart byrja på med Brad Pitt, Cate Blanchett og eit budsjett på 75 millionar amerikanske dollar i 2002, avlyst og byrja på igjen i 2004 med eit budsjett på under halvparten, og ein nye produksjon som det kjem fram av i filmen, er med på å gi djupne til ein samanfatta film.

The Fountain er ikkje heilt perfekt. Vakker historie, vakkert bilde og vakker musikk, den store gnista i personane manglar. Hugh Jackman og Rachel Weisz viser seg som fantastiske skodespelarar, som dei mange nærbilda er bevis på. Det er måten filmen er bygd opp på, med fokus på så mykje vakkert, som gjer at personane i blant hamnar i bakgrunnen.

Så kva er det The Fountain handlar om? Eg har unngått å gå innpå det her. Historia som filmen byr på er det like godt å ikkje vite noko om, så lenge du veit kva type film du går til. Som er ein litt kunstnarisk, filosofisk, varm og med kjensler, fattbar gang i handlinga, poetisk, og vakker film.

The Fountain 2006 plakat - Filmdagbok