The Fox and the Hound 2

Film · 2006 · · 27. desember 2020
3/5

Eg likte The Fox and the Hound, og såg for meg noko heilt anna enn eg fekk i The Fox and the Hound 2. Sjølv om eg har rangert desse to filmane likt, så held eg ein knapp på The Fox and the Hound. Og her skal eg forklare kvifor.

The Fox and the Hound 2 er ingen kronologisk oppfølgjar. Han tek utgangspunkt i livet til reven og hunden som barn. Dette plasserer denne historia tidleg på tidslinja i den første filmen. I mangel på viten om rette filmtekniske omgrepet, så kan eg kalle det ein innskoten historie. Som kanskje bryt litt med vidare kronolgisk hending frå den første filmen.

Det som er forskjellig med denne filmen frå den første er: Han kom rett på video. Animasjonsstilen er annleis, ikkje berre fordi filmen er to tiår nyare. Tonen til filmen er hyggeleg og lett, alvoret stikk ikkje så djupt. Det er meir sang og lett tilgjengeleg komedie.

På sett og vis er dette ein heilt annan film enn forgjengaren sin. Han står nesten betre på eigne bein enn i samanheng. Men sidan eg såg filmane med kort mellomrom, er det vanskeleg å ikkje ha forventingar til denne. Og ikkje tenke på svakheitene, det vil sei forventingane han ikkje innfridde.

Les også ei melding på www.norskanimasjon.no (norsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
The Fox and the Hound 2 2006 plakat - Filmdagbok