The French Connection

Eg får ikkje til å sei så mykje om denne filmen, for sjølv om han ikkje var dårleg, var han heller ikkje god. Han hadde dei små augneblinkane sine, men er ein lang stake out sett på filmrull.

Med unntak av eit par adrenalinbrusande minuttar her og der, som heller ikkje nådde opp til forveningane mine, så er dette prega av ei uprofesjonell politijakt. Mange små trekk frå politimannen med kallenamnet Popeye (Gene Hackman) gir eit dårleg heilskapsinntrykk, og er ikkje den politimannen eg helst ser på film. Dirty Harry har ein praktmoral til samanikning. Popeye her er utøvande rasist, utan at det blir retta noko kritikk mot dette. Han er dårleg på spaning og etterfølging, og ser ikkje lengre fram i tid enn eit lite steinkast. Cloudy (Roy Scheider) klarer å balansere dette til ei viss grad, men får for liten plass i filmen.

The French Connection 1971 plakat - Filmdagbok