The Galaxy Invader

Mitt nye favorittshow på internett er Half in the Bag, eit filmprogram frå Red Letter Media. To menn skal liksom reparere ein VCR, men blir sittande å drikke øl og snakke om film i veke etter veke.

I andre episode er den hysterisk dårlege, etter Half in the Bag sine ord, videoutgivinga The Galaxy Invader under lupa. Hysterisk dårleg er ein magnet mot sinnet mitt og eg kunne ikkje dy meg. Eg måtte sjå The Galaxy Invader.

I denne billege rett på video-produksjonen frå 1985 med feilaktig tittel er det menneske som er den ekte trusselen. Dette er forresten ingenting nytt, menneske prega av frykt er ofte den øydeleggjande krafta i science fiction-filmar. Men i The Galaxy Invader er det ikkje menneska framfor kamera som er trusselen, det er Don Dohler. Ultra lågbudsjettsfilmskapar som debuterte i 1976 og har halde det gåande med relativt få titlar fram til 2006.

Filmen handlar om at eit romskip krasjar. Ein gjeng fulle hillbillies jagar det for å fange romvesenet i skipet og selje det til høgstbydande. Dei er ein håplaus gjeng med stereotypeportretterte, stygge folk i dårlege kostymer. At det å definere omgrepet kvalitet er vrient på grunn av dei subjektive oppfatningane våre ser ikkje ut til å hindre Don Dohler i å lage ein film utan kvalitet.

Jakta er til tider så dum og uforståeleg at det har ein viss underhaldningsverdi. Enkelte sekvensar er nok verdt å sjå for dette. At filmen stadig handlar mindre og mindre om romvesenet, noko som blir toppa med den fæle slåstkampen mellom to menneske på slutten, kan stå som eit bilde på filmen som var lite i byrjinga, men gradvis enda opp med å bli ingenting.

The Galaxy Invader 1985 plakat - Filmdagbok