The General

Første møte er alltid spennande. Då eg snakkar om første møte er det med tanke på møte med skodespelar eller regissør, eller som i dette tilfelle – begge – nemleg Buster Keaton. Eg dannar meg eit bilde av folk med eit kjent namn i forkant av møte. Eg såg for meg Buster Keaton som ein kopi av Charles Chaplin, liten erfaring som eg har til komiske stumfilmar. Buster Keaton enda derimot opp med å bli den andre sida av same mynt.

Der Charles Chaplin gjer utruleg mykje ut av seg sjølv, morosamt det òg, og kan knytast til overdriving. Der handlar Buster Keaton mykje om å underdrive og ligge lågt i terrenget, iallfall er det slik i The General. Sprell og andre fysiske stunt manglar det ikkje på, men dei har med å komme naturleg i handlinga framfor å drive handlinga. Til å spele hovudperson er det ein nedtona og litt sky Buster Keaton me møter her. Naturlegvis er dette rolla han spelar, men å sjå forbi skodespelaren når eg ser Buster Keaton som lokomotivførar er vanskeleg.

The General har ei historie som held seg godt og stadig utviklar seg i bestemt tempo over 100 minuttar. Denne historia involverer mykje togkøyring og den amerikanske borgarkrigen. Sjølve togkøyringa, som tek store deler av filmen er favorittdelane mine. Her er det fart, dramatikk og spenning utan like, utan at eg skal ekskludere eller undervurdere den genialt artige omskrivinga av amerikansk krigshistorie som gir filmen ein fin vri.

The General 1927 plakat - Filmdagbok