The Ghost and Mrs. Muir

Eg ser mange filmar utan å lese grundig om dei på førehand. Spesielt filmar frå ulike topplister. Dette fører til nokon bommertar, men også til ein del positive opplevingar. Å stille med blanke ark kan i tilfelle vere like bra som å vite på førehand kva som er bra med filmen.

The Ghost and Mrs. Muir var ein film eg stilte med blanke ark til. Filmen er oppført i boka 1001 Movies You Must See Before You Die. Dei fleste filmane der har markert seg på ein eller annan måte, og det er ein mindre risiko å ta ved å tilfeldig velja ut ein. Med The Ghost and Mrs. Muir var det verdt risikoen, for filmen leverer.

Historia handlar om ei enke som flyttar frå London til kysten. Der buset ho seg i eit lite hus som er heimsøkt av ein sjømann. Men ho lar seg ikkje skremme, og opprettar i staden kontakt med spøkelset.

Det er spesielt to sider ved filmen som utmerker seg. Ein film som forresten er god nok til at eg ikkje finn eller bryr meg om manglar. Den ene er spøkelset, spelt av Rex Harrison. Han er eit vanvittig kult spøkelse, med ei buldrande stemme og ei usminka framferd. Den andre er overgangen til filmen mot ein meir vemodig og litt trist tone i den siste delen. Dette låg kanskje i korta frå starten av, men overraska meg likevel.

Eg blei begeistra over The Ghost and Mrs. Muir, kanskje fordi eg verken forventa ein så morosam og samtidig ei så trist forteljing som det enda opp med å bli. Men som ei perle er han verdt å anbefale, om du har sansen for gamle filmar.

Elles er det verdt å nemna at Natalie Wood spelar i ei av sine første roller her. Ho gjekk seinare til å spele i storfilmar mot stjerner som Warren Beatty og James Dean.

The Ghost and Mrs. Muir 1947 plakat - Filmdagbok