The Girl in the Book

Livet til ei kvinne (Emily VanCamp) er prega av forholdet hennar til ein forfattar som ung. På sett og vis lever ho i skuggen av karakteren i ei bok, ein karakter basert på henne. For tida lever ho eit liv utan å utrette dei største ønska. I forholdet til menn utrettar ho mest. Trass i desse sidene ved personen framstår ho som ei beherska og gjennomtenkt kvinne, så du kan ane at filmen tar ein positiv retning.

Det er mykje bra ved The Girl in the Book. Ei enkel og smått typisk historie blir fortalt på ein spennande måte, med tidvise serveringar av forklarande detaljar. Blandinga mellom notid, fortid og fiksjon er fin. Og mellom dei to siste akkurat passe uklar. I tillegg er filmen sexy. Svevande personar her framstår heller ikkje som meir enn dei er.

Eg merkar i The Girl in the Book at grensa mellom god og tona ned, og tiltakslaus, kan vere liten. Små grep i rytme og karakterar kan flytte ein film frå ei middelmåtig og ei uoriginal historie til ei med godt driv og tredimensjonale karakterar.

Eg kunne i beste fall rangert filmen høgare, men er i tvil om korleis eg skal grunngi det. For sjølv om dette er bra, er det ingen trekk ved filmen som uttrykker eksepsjonell eller klassikar ved seg.

The Girl in the Book 2015 plakat - Filmdagbok