The Girl Next Door

Matthew (Emile Hirsch) er den perfekt studenten, med gode karakterar, moglegheiter for stipend og aktiv i skuleaktivitetar, men han manglar den sosiale opplevinga som senior på high school.

Så flyttar den søtaste og penaste av alle jenter inn i nabohuset, Danielle spelt av Elisha Cuthbert. Ho og Matthew blir knirkefritt forelska i kvarandre, problema oppstår når Danielle si fortid blir kjent for Matthew.

The Girl Next Door er ein grei romantisk komedie, ingenting meir. Her skjer det ingenting uventa i gangen i handlinga. Vinklinga av historia prøver å vere frekk og klarar nesten å gjere dette litt meir interessant enn den vanlege high school-komedien.

Det er ingen løyndom, Elisha Cuthbert trekk opp ved å vere til stades, på andre område er filmen verken nyskapande eller spesielt interessant. Eller jo, vent litt, Timothy Olyphant dukkar opp i den einaste kule rolla filmen har å by på.

Ingenting ekstraordinært dette her altså, men eg mislikte ikkje The Girl Next Door trass i forventingar til noko meir enn middels.

The Girl Next Door 2004 plakat - Filmdagbok