The Giver

The Giver føyer seg inn i rekka av dystopiske ungdomsfilmar kor ein karakter får ei spesiell rolle i å redde verda frå eit firkanta regime.

I verda me møter her har kjensler blitt luka ut, alle funksjonar blir tildelt, og alt går på skinner. Berre ein person har den historiske kunnskapen om korleis verda var tidlegare. Det er denne rolla unge Jonas skal overta. Og i si historiske og emosjonelle opplæring slår han fast at det er inntrykk som gjer livet rikare, og som alle må få tilbake.

Det er ein del å vere kritisk til med tanke på motivasjonen til karakterane og den påtrengande preika om å la kjensler styre. Det eg derimot likar er korleis filmen ser ut, og har sine eigne vendingar på gamle idear du kjenner igjen frå historier som THX 1138 og Nineteen Eighty-Four.

Det er heller aldri tvil om kva som skjer. Strukturen er behandla med stødige hender. Her er det plass til både detaljar og ein overordna ark.

The Giver er til sjuande og sist underhaldning, men noko anonym og rotete i verdipreiket sitt.

The Giver 2014 plakat - Filmdagbok