The Godfather: Part II

Film · 1974 · · 17. mars 2007
5/5

Den fantastiske The Godfather: Part II held fram der den like fantastiske The Godfather slutta.

Den andre av filmane i The Godfather-trilogien har ei todelt historie. Me følger Vito Corleone (Robert De Niro) på 1920-talet, samtidig som me følger sonen Michael Corleone (Al Pacino) vidare i det han fester grepet hardare om krimsyndikatet på slutten av 1950-talet.

Grunnen til at denne er like god som forgjengaren er at han tar og bevarer det beste, som er greia med å gjere dette til ein film om ein familie og eit kriminelt dynasti. Samtidig som dei nye vinklingane over blir introdusert. Mens The Godfather var ein film om Michael si motvillige involvering i familiens kriminelle forretningar, er han her blitt ein farleg fyr som gjer det motsette, nemleg å posisjonere seg sterkare.

Filmen er også eit personleg forfall og eit portrett av oppløysing. Samtidig som filmen vektar seg opp med å tilføre historia om korleis Corleone-familien etablerte seg i USA, som eit lysare innslag.

Den vanvittige lengda på nesten tre og ein halv time fungerer utan problem. Dette fordi The Godfather: Part II strengt tatt er to filmar i ein, og vekslar elegant mellom dei to hovudhistoriene, nok til å halde det gåande heile vegen. Og fordi historiene kvar for seg heller aldri stagnerer.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Godfather: Part II 1974 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Al Pacino (I)Robert Duvall (I)Diane KeatonVis alle

Sjangrar

Land