The Godfather

The Godfather-trilogien var ein av mine første store filmfavorittar, og samleboksen med filmane hadde sin heidersplass på toppen av filmsamlinga mi, den gongen samlinga var fysisk.

Den Francis Ford Coppola-regisserte filmatiseringa av bøkene til Mario Puzo handlar om mafiafamilien Corleone. Den gamle faren er i ferd med å trappe ned, og blant dei tre sønene hans er det Michael Corleone (Al Pacino) som er den mest habile til å ta over. Men ikkje utan ein farleg kamp. Greia er at han ikkje ønsker å bli innblanda i verksemda til familien.

Alt som kjenneteiknar ein god film er på plass i The Godfather. Ei fantastisk historie med gode karakterar, støtta av godt skodespel. Filmen ser lekker ut, og har musikk som passar. Handlinga er alvorleg god og stikk djupt, tek for seg ei interessant verd og har ingenting dårleg ved seg rett og slett.

The Godfather 1972 plakat - Filmdagbok