The Golden Compass

Med The Golden Compass har fantasitrilogien til Philip Pullman, His Dark Materials, komme inn i verda til filmen, og eg har eit delt syn på filmen. Filmen er basert på boka Northern Lights, som har den amerikanske tittelen The Golden Compass.

Det startar godt med ein kort introduksjon til to sentrale sider ved His Dark Materials, parallelle verder og Støv. Jenta som er sentral her heiter Lyra Belacqua og bur i ei anna verd enn vår eiga, med hekser og snakkande isbjørnar, der folk har ein ytre demon som til ei viss grad kan forklarast som ei blanding mellom sjel og samvit, men det er meir komplisert enn som så. Ein demon tar forma til eit dyr, insekt, fisk eller fugl, og alle menneske har ein. Når barn blir kidnappa og Lyra får eit alethiometer i handa – eit lite apparat som fortel sanninga – startar ei flukt frå Autoriteten og ein redningsaksjon for barna, der både Støv og demonar er knytt til det store bilde. Vit uansett at The Golden Compass berre er starten.

Det er ikkje til å komme unna at eg har lese bøkene og danna mitt eige bilde av både personar og miljø. Det er heller ikkje til å komme unna at filmen tyr til alternative løysingar for å tilpasse det til filmmediet. Eg er eigentleg ganske fornøgd med jenta som spelar Lyra, Dakota Blue Richards, ho har eit talent av det merkverdige og blir ikkje for kunstig. Miljøet er også godt gjennomført – om kanskje ikkje så dramatisk som det kan verke på papiret. Eg tykkjer til og med at nokon av forskjellane med historia i boka gjorde seg godt, men her stopper dei gode tankane mine, mesteparten av filmen blei problematisk.

Boka Northern Lights er proppfull av lengre og djupare forklaringar på både det eine og andre. Ho skapar ein interessant mytologi eller eit konsept som eg gradvis let meg gli inn i. Filmen blir meir i retning av handling og treng å skape ei umiddelbar interesse. Eg innser at det ikkje fungerer å lage ein kort og presis film som får med alt som gjer boka god. I staden for å proppe filmen full av dei mest dramatiske handlingane i boka kunne dei ha forklart historia utan å nødvendigvis ty til direkte attskaping av episodane frå boka. Filmen går så fort framover at du aldri får tid til anna enn å sluke inntrykk, og The Golden Compass endar berre opp som ein grei og litt overflatisk film. 11-årsgrensa er noko eg ikkje vil gå særleg inn på, men er eit problem. Grensa legg ein dempar på alvoret i den enn så brutale isbjørnkampen.

Eg har mange fleire tankar eg kunne ha utdjupa, sidan eg er engasjert. Det kokar uansett ned til at eg har blanda kjensler for filmen. Eg trur mange av desse kjenslene har med å gjere at dette ikkje er så bra som det burde vere, utan at eg på nokon måte vil favorisere boka på rekning av filmen.

Eg er glad i film og svært open for ulike tolkingar ved adapsjonar, likar eg å tru. The Golden Compass verka som eit offer for storfilmindustrien, som vil selje filmen basert på suksessen til ei mykje selt bok, men som endar opp å spy ut ein i stor grad gjenkjenneleg fantasifilm som er midt på treet.

The Golden Compass 2007 plakat - Filmdagbok

Publisert

5. desember 2007 av

Regissør

Chris Weitz

Manusforfattarar

Chris Weitz, Philip Pullman

Skodespelarar

Nicole Kidman, Daniel Craig, Dakota Blue Richards, Ben Walker (IX), Freddie Highmore, Ian McKellen, Eva Green (I), Jim Carter (I), Tom Courtenay, Ian McShane (I)Vis alle 80 skodespelarar

Sjangrar

Eventyr, Familie, Fantasi

Land

Storbritannia, USA

IMDb

IMDb-side om The Golden Compass