The Good Place

Serie
2016–2018
3/5

The Good Place er ein komiserien om livet etter døden.

Kristen Bell og nokre andre hamnar på den gode staden når dei dør. Det er ikkje himmelen, men har visse likskapar. Det finst visst mange gode stader, og dei ser ut som små nabolag. Ted Danson spelar skaparen av dette nabolaget.

I byrjinga av serien handlar det seg om å tilpasse seg til den gode staden. Karakteren til Kristen Bell oppdagar at ho har komme til den gode staden ved ei feiltaking. Ho skulle eigentleg ha blitt sendt til den dårlege staden. Fordi ho var eit dårleg menneske når ho levde.

Den første sesongen handlar i grove trekk om dette. Utan å røpe noko av den vidare handlinga, så byrja serien å endre seg mot slutten av første sesong og ut i andre sesong. Hittil har eg sett to sesongar, og det verkar som ein serie som torer å gå utover grensene som han hadde i starten. Det skjer ei utvikling, og foreløpig fungerer det godt. Eg er spent på om serien vil halde seg interessant vidare. Men eg har trua. Serieskaparen Michael Schur har blant anna Parks and Recreation bak seg, ein serie som gradvis utvikla seg på ein god måte.

  • The Good Place 2016-2018 plakat - Filmdagbok
  • The Good Place 2016-2018 plakat - Filmdagbok

    Publisert

    31. desember 2019 av

    Skapar

    Michael Schur (I)

    Skodespelarar

    Kristen Bell (I), William Jackson Harper, Jameela Jamil, D'Arcy Carden, Manny Jacinto (I), Ted Danson, Marc Evan Jackson, Tiya Sircar, Josh Siegal, Maya RudolphVis alle 218 skodespelarar

    Sjangrar

    Komedie, Drama, Fantasi, Romantikk

    Land

    USA

    IMDb

    IMDb-side om The Good Place