The Goonies

Like før familien deira skal flytte finn brørne Mikey (Sean Astin) og Brand (Josh Brolin), i lag med vennegjengen til Mikey, eit skattekart. Mikey ønsker å leite etter skatten, som eit siste oppdrag før han og Brand skal flytte. Resten av vennegjengen, som kallar seg the goonies, er skeptiske, men blir etter kvart med på eit siste eventyr.

Ikkje før dei er i gang med jakta dukkar det opp trøbbel i form av bandittar på rømmen. Fratelli-familien blir eit hinder i skattejakta, og ein seriøs trussel mot liv, helse og framtidig rikdom.

The Goonies er ein barnefilm av typen eg føretrekk. Fordi han verken skyr våpenbruk, stygge ord eller vaksne vitsar. Me legg ut på ei spennande reise i ei eventyrleg verd. Verda er vår eiga, men store deler av handlinga går føre seg under bakken i skumle grotter og gangar. På mange måtar er The Goonies ein barneversjon av Indiana Jones. Tanken er å føre oss bort frå verkelegheita, fange oss i ei høgtempo handling og appellere til fantasien mange av oss har hatt om å finne ein skatt.

I stor grad oppnår filmen det han set ut for å gjere. Mykje av det eg skriv her er det eg tolkar at filmen prøver på å gjere, og det han oppnår i mine auger.

Forventingane til The Goonies var store. Filmen har vore ein eg har hatt lyst til å sjå i mange år, og som eg har følt at eg burde og måtte sjå. Men som eg aldri har fått sett før no. Referering til filmen hadde gitt meg eit bilde av filmen som den ultimate spenningsfilmen for barn.

Slike forventingar er både usunne og vanskeleg å svare til. Sjølv om The Goonies er ein spennande film, blei eg skuffa over at han ikkje var meir. At holene var djupare, mørkare og skumlare. At motstanden var tøffare og farlegare. Men det som prega meg endå meir var einsformige reaksjonar og irriterande komiske avløysingar. Karakterane i filmen skal vere ulike, men treng ikkje vere for einsformige i seg sjølv. At komiske Chunk bruker store delen av filmen til å hyle var noko som irriterte meg av. Men det er mest synd for meg.

Den smått svake karakteren er kanskje urettferdig samanlikna med mindre gode filmar som har oppnådd same rangering, men passande ut i frå ei sjølvstendig vurdering av The Goonies med tanke på forventingar og innhald.

The Goonies 1985 plakat - Filmdagbok