The Grand Seduction

Eit lite kystsamfunn har moglegheita til å få ein fabrikk i nærleiken. Fabrikken vil bety arbeidsplassar, og sjansen til å overleve som eit lite samfunn. Men dei som eventuelt skal bygge fabrikken, krev at staden har ein lege.

Dr. Paul Lewis (Taylor Kitsch) blir svaret på deira problem, då han gjer ein avtale om å arbeide der ein periode. Avtalen går ut på at ei sikkerheitsvakt som fann kokain i bagasjen hans på ein flyplass, ikkje melder inn saka.

Når Lewis kjem til kystsamfunnet startar deira innsats om å overtale han til å bli verande. Dette inneber løgner i massevis, der alle dei 120 innbyggjarane må delta for å få det til å fungere.

Dette resulterer i ein nydeleg komedie full av hårfin manøvrering, snodige påfunn og elles alt som skal til for å få staden til å framstå som alt han ikkje er.

The Grand Seduction evnar i tillegg til å vere morosam, å stikke djupare der han må. Det vil sei å skape gode karakterar med nødvendige eigenskapar og av og til små problem som skal til for å gjere dei til truverdige personar på film.

The Grand Seduction 2013 plakat - Filmdagbok