The Grasshopper and the Ants

Film · 1934 · · 10. januar 2021
3/5

Mens mange av Silly Symphony-filmane til Disney er enkel moro som ikkje stikk så djupt, så har The Grasshopper and the Ants eit ganske tydeleg poeng. Det handlar om ei grashoppe som er spelemann. Han går rundt og syng om å ha det moro, og prøver å overtale nokre maur til at song og dans er livet. Mens hardt arbeid berre er tull.

Så kjem vinteren, og det harde arbeidet til maurane har lønna seg. Grashoppa som har sunge og spelt heile året, har verken mat eller gode nok kle til å klare seg på vinteren. Han kjem forbi treet der maurane bur, og ser at dei hyggar seg i varmen med all den gode maten dei har samla i løpet av året.

Det er ein klar bodskap i denne korte animasjonsfilmen. Det er at du haustar som du sår. Planlegg du ikkje langsiktig, men lev berre frå dag til dag, så vil dei harde tidene kunne ramme hardt. Spesielt om det er i samband med naturen. Naturen er ikkje nådig, vinteren er hard og ein må bu seg på han. Som med ein anna nyleg sett Silly Symphony-film, The Tortoise and the Hare, så er dette basert på ein av Æsops fabler. Så dette er tydeleg ei gjentakande kjelde for Silly Symphony.

Sidan poenget er eit godt eit, så blir det for meg eit godt grunnlag i ein elles festleg animert sak. Grashoppa sin song går rett på hjernen etterpå. Og eg vil hugse dette som ein god sak.

Les også ei melding på whatsondisneyplus.com (engelsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
The Grasshopper and the Ants 1934 plakat - Filmdagbok