The Great Dictator

Charles Chaplin markerte overgangen frå stumfilm til lydfilm relativt seint, når han i 1940 kom med krigssatiren og parodien på Adolf Hitler og det tredje riket i The Great Dictator. Likskapen til Adolf Hitler er i blant skremmande, Charles Chaplin er som kjent både liten og med signaturbarten sin og luftige knickers er det tøft å sjå han trå inn i ei rolle som etterliknar vondskapen sjølv. For å få komedien til å verke spelar Charles Chaplin også ein jødisk frisør, som for å kunne bli hylla som helt og samtidig få skrytet for å portrettere den grufulle fienden.

Ved å ta opp diktatur, folkeundertrykking og krig som tema gir Charles Chaplin god grunn til både drama og komedie, der gestar gjerne knytt til fysisk humor i stumfilmen får variere med glimrande babbel eller sterke monologar rådd over av meiningar med gode intensjonar. Av babbel er tulletysken til diktator Adenoid Hynkel eigentleg veldig simpel, med ord som wiener og sauerkraut i ei rekke av uforståeleg nonsens, men det gjer susen – Charles Chaplin viser seg å bere ei kraftig stemme, god til Adolf Hitler-parodierte talar.

The Great Dictator er med sine to timar ein lenger film, etter å ha sett Charles Chaplin før og vore glad med det var eg likevel smått skeptisk til om dette kunne halde over så lang tid. Blandinga av drama, komedie og krig viser seg å vere det perfekte område for Charles Chaplin sitt utløp for politisk engasjement og komiske talent, der han med tale kan strekke ut historia ved sidan av flotte bilderekker eg ser for meg lett kunne ha blitt gjort i stumfilmsamanheng.

The Great Dictator 1940 plakat - Filmdagbok