The Great Escape

Dei som har sett Chicken Run har eigentleg sett det som The Great Escape har å by på, berre utan Steve McQueen.

Midt under andre verdskrig, ein stad sør i Tyskland, har ein ny fangeleir har opna. Her skal dei verste krigsfangane samlast, dei som har det med å prøve og rømme. Flest britiske, men også eit knippe andre nasjonalitetar er samla. Men kva skjer når du set dei mest rømmingsglade fangane på same stad? Jo, dei planlegg å rømme i lag.

The Great Escape handlar om førebuingane til, stunda under, og etter ei storslått rømming. Filmen er i same ånd som den gjennomsnittlege 70 mm-produksjonen, men er filma på 35 mm. Tatt situasjonen til vurdering er filmen for lystig og glad. Han hadde nok tent på å skape ei meir truverdig handling ved å tone ned litt på latter og glede.

Sjølve filmen er eigentleg ganske vakker å sjå på, med mange flotte bilde. Lydsporet sit som spikra. Eg plystra på temasongen i fleire timar etterpå. Filmen er også for lystig til denne krigshistoria å vere. Så er han føreseieleg og ganske rett fram. Eg er ikkje spesielt imponert over dette som skal vere ein av dei mest populære filmane i verda.

The Great Escape 1963 plakat - Filmdagbok