The Great Mouse Detective

Basil er Disney-versjonen av Sherlock Holmes. Som det blir antyda, men aldri sagt direkte, så bur Basil under huset til Sherlock Holmes. Basil er forresten ei mus.

I The Great Mouse Detective er me i London på slutten av 1800-talet. Dr. Dawson er på utkik etter ein stad og bu, og møter på eit barn som har mista faren sin. Barnet prøver å finne Basil, og Dawson slår følge og blir involvert i etterforskinga.

Historia er ikkje basert på arbeid av Sherlock Holmes-forfattaren Arthur Conan Doyle, men prøver å etterlikne stilen. Oppbygginga verkar difor som ei Sherlock Holmes-historie, men ei noko forenkla ei. I tillegg sper The Great Mouse Detective på med musikalske element i vanleg Disney-stil.

Både filmen og musikken er god. Her er det innslag av humor som passar like godt for vaksne som barn. Det som manglar er vakuumet som oppstår i avstanden frå denne enkle historia til ei tradisjonell Sherlock Holmes-historie. Samanlikninga er av forståelege årsaker vanskeleg å komme unna. Dette pregar filmen litt, men ikkje mykje.

The Great Mouse Detective 1986 plakat - Filmdagbok