The Great Outdoors

Legenden John Hughes skreiv manuset til, og Howard Deutch regisserte, den mindre legendariske The Great Outdoors frå 1988. Ein film om to familiar som skal feriere på ei hytte i skogen i lag.

Filmen kan lettast bli samanlikna med ein av Vacation-filmane med Chevy Chase, men er ein langt svakare film enn dei beste frå den kanten. Med både John Hughes og Howard Deutch bak kamera, og komistjernene John Candy og Dan Aykroyd framfor kamera, så skulle talentet vere på plass. Men det held ikkje. Filmen oppnår ikkje den største komedien, og stikk ikkje noko djupt på eventuelle sentimentale planet.

The Great Outdoors leverer komedie i form av vaskebjørnar med underteksting som angrip søppelbøttene til hytta tre netter på rad. Andre eksempel er John Candy på ein vill vannskitur, John Candy som skal ete ei rekordstor steik og ei flaggermus som må bli jaga ut frå hytta. Relativt uskyldige saker utan gode poeng.

Som sidehistorier innleiar sonen i den eine familien ein sommarflørt, og karakteren til Dan Aykroyd avslører – avsløring følger – at han ikkje er spesielt rik lengre. Flørten kunne med fordel ha fått meir tid i filmen, for det er den einaste delen som spelar på kjensler på ein god måte. Og delen til Dan Aykroyd er nok eit eksempel på ei halvgjort sak som ikkje engasjerer stort.

Etter all kritikken er det på sin plass å løfte filmen opp igjen litt. John Candy har ikkje nødvendigvis det meste å spele på, manuset tatt til vurdering, men gjer ein strålande jobb og har alltid glimtet i auge. Han blir lyspunktet, og er så morosam som han får til med det han jobbar med. Han er også det sympatiske alibiet. For det filmen klarer å få fram, er at han ønsker å samle familien for ein hyggeleg tur, og til dei grader han skal spele på kjensler for å vise dette, så fungerer det rimeleg godt.

Så filmen var ikkje fullstendig bortkasta. Det er sjeldan filmar er det for min del, men The Great Outdoors kunne med fordel ha vore betre og ikkje minst meir morosam.

The Great Outdoors 1988 plakat - Filmdagbok