The Great Rupert

The Great Rupert er ein film der pengar regnar frå over. I 2003 blei filmen fargelagt og fekk namnet A Christmas Wish. Det er den versjonen eg har sett.

The Great Rupert er så mangt, men først og fremst eit ekorn. Då den fattige eigaren Joe må flytte ut, slepp han Rupert laus i naturen. Rupert som treivst i huset, flyttar tilbake på eiga hand. Same dag flytter familien Amendola inn, like fattige folk som Joe. Men Amendola er heldige, ut av inkje regnar det 1500 dollar.

Moralen til The Great Rupert er: Viss du lyg og håpar at pengar og rikdom skal dukke opp frå inkje, så vil gode ting skje. Dette får meg til å like filmen. Filmar som ikkje skyr sanninga om at løgn kan vere lønnsamt er ironisk nok ærlege. Det finst mange filmar som er inne på det same, men altfor mange som blander karma inn. Karma er øydeleggande.

På overflata handlar The Great Rupert om eit julemirakel. Fattigfolk som opplever eit mirakel har større resonans rundt juletider. Ei tid då folk som har det bra får det betre, og kontrastane med dårlegare stilte blir større. Det blir derfor lettare å svelge lykka i The Great Rupert.

Filmen er veva saman av songnummer, dansande ekorn i punktfotografering og ei kjærleikshistorie. Utført på ein trygg og enkel måte blir aldri The Great Rupert ei stor filmoppleving. Det er òg lite av gleda og sorga som smittar. Det emosjonelle stikk ikkje særleg djupt.

Eg nøler med å felle ein dom. Filmen var fin, men utbytte var lite. Det finst andre julefilmar eg heller vil anbefale. Men eit kanskje større poeng er at det finst langt fleire dårlege julefilmar enn denne.

The Great Rupert 1950 plakat - Filmdagbok