The Greatest

To ungdommar har sex for første gang. Den same kvelden dør guten i ei bilulykke.

The Greatest følger hans familie og jenta han var med, som endar opp gravid. Då hennar eigen familie berre er ei ustabil mor, ber ho om å få flytte inn hjå familien til guten.

Dette er ein film som i stor grad tar for seg temaa sorg og tenåringsgraviditet. Det er ikkje noko tryllekunst i korleis det blir gjort, men det blir likevel ein fin liten film.

Det som gjer at eg er noko tilbakehalden i vurderinga mi av filmen er at det meste berre er godt nok, og ikkje meir. Det er litt trist, men ikkje mykje. Det er ein koseleg film, men karakterane kunne gjerne gjort større inntrykk. Det er ingen som gjer spesielt stort inntrykk gjennom heile gangen til filmen.

Nokon gode stunder er det. Og for å røpe ein del av handlinga, så er det spesielt når faren til guten endeleg bryt ut i gråt, at ei av desse få effektfulle stundene er.

The Greatest er godt tidsfordriv, men byr ikkje på noko som gjer at du må sjå han.

The Greatest 2009 plakat - Filmdagbok