The Green Mile

Film · 1999 · · 18. mars 2007
3/5

The Green Mile er sannsynlegvis ein av dei beste filmadapsjonane gjort av ei Stephen King-bok. Frank Darabont er den utvilsame meisteren i nettopp dette, og har også laga The Shawshank Redemption og The Mist.

Tom Hanks spelar ei fangevakt for dødsdømte. Ein fange spelt av Michael Clarke Duncan gjer eit stort inntrykk med ei spesiell evne han har.

Filmen handlar om dette og andre karakterdrivne hendingar som skjer ved den grøne mila, som er kallenamnet for denne siste stasjonen for dødsdømte fangar.

Det er ein god og solid film, men scorar ikkje heilt på topp for meg personleg. Til det er han litt for treg og noko tåpeleg.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Green Mile 1999 plakat - Filmdagbok

Sjangrar

Land