The Groomsmen

Eit gjensyn med The Groomsmen, filmen til Edward Burns frå 2006, er siste film eg ser av den amerikanske filmskaparen for denne gong. Den siste tida har eg usystematisk sett alt som mannen har regissert og skrive manus til.

Paulie (Edward Burns) skal snart gifte seg med Sue (Brittany Murphy), og handlinga i filmen går føre seg ein av dei siste vekene før bryllaupet. Det er i ein periode i livet der alle vennene til Paulie er på ulike stadier i livet.

Broren Jimbo (Donal Logue) er gift, men har personlege problem som går utover ekteskapet. Dez (Matthew Lillard) som har to barn, er ein av dei som har livet på stell. Ein tredje venn, Mike (Jay Mohr) har komme ut av eit forhold og bur hjå faren, og er tydeleg opphengt i ekskjærasten. Den fjerde kameraten, TC (John Leguizamo) dukkar opp for første gang på åtte år.

Filmen vekslar mellom å skildre daglegdagse problem til å vise samhaldet i gjengen. Eg blir kjent med personane og fortida deira gjennom mimring og handling.

Som med filmar flest av Edward Burns så tar det aldri helt av, men det fungerer. Eg kjem passe under huda på karakterane til å bli interessert. Når det skal bli oppsummert er det ingen spesielle sider ved filmen som utmerkar seg. Det er den subtile behandlinga av dramatikken som er god. Det kunne fort blitt for melodramatisk om andre enn Edward Burns hadde laga filmen.

Grunnen til at eg har sett alle filmane til Edward Burns den siste tida er utan tvil at eg har sansen for både innhaldet og stilen, og The Groomsmen leverer. Han er også i øvre sjiktet blant filmane hans.

The Groomsmen 2006 plakat - Filmdagbok