The Guest

Film / 2014
3/5

Ein soldat introduserer seg til Peterson-familien, og påstår at han er ein venn av deira son som har døydd i krig. Etter at mannen er ønska velkommen til å bu hjå dei ei stund, byrjar ei rekke uheldige drap å skje, og dei ser ut til å vere knytt til nærværet hans.

The Guest kan minne om ein western med mannen utan namn, gjort udødeleg av Clint Eastwood. Hovudrolla kjem inn med ukjent namn og ukjent fortid, har sin eigen moralske kode, og er som ein magnet for trøbbel. Men han er dyktig i kamp, og det fører til ein del action i filmen.

Det er ingen klassikar, men med 1980-talsinspirert lydspor og høgt nivå av brutalitet, så minnast eg den gode filmen Drive, og kom litt i stemning. Heilskapleg vurdert er ikkje dette så interessant og gir ikkje det same sterke inntrykket, men The Guest har likevel sine fornøyelege stunder.

The Guest 2014 plakat - Filmdagbok