The Half of It

Ungdomsfilmen The Half of It frå Netflix handlar om ei jente og ein gut som begge likar ei anna jente. Filmen føyar seg inn i rekka av gode nok tenåringsdrama og -komediar med eit par gode poeng, men som ikkje har nok av det gode til å skilje seg ut i mengda. I The Half of It var det tempoet som ikkje sat som det skulle. Samt at filmen kunne ha vore betre på komisk timing.

Det handlar om Ellie som skriv skuleoppgåver for medelevar og tek betalt for det. Ein dag kjem Paul til ho med ei bestilling om å skrive eit kjærleiksbrev. Han skal sende brevet til Aster, som Ellie også har eit godt auge til. Først så vil ho ikkje ta oppdraget. Så går ho med på å skrive eit brev. Og vidare så ballar det berre på seg.

Eg tykkjer det er vanskeleg å finne hovudpoenget som The Half of It vil formidle. Filmen handlar både om å vere forelska i skjul, og om det å lure nokon. Det handlar om å få dama basert på feil merittar. Og det handlar om å vere upopulær eller ukjent. Det kan godt vere at det ikkje er meininga å framheve ein einskild sak, men at heilskapen og dette utdraget om eit tilvære som berre er ein kort del av livet er det viktige. Men resultatet er at filmen blir vag og litt anonym i det store og heile.

Sjølv om ikkje alt er topp med filmen, så er det ein del gode stunder og fine prestasjonar som er verdt å trekke fram. Leah Lewis passar godt i rolla som Ellie, som framstår som ein truverdig karakter. Det er ikkje den stereotypiske nerda eller utskotet ho spelar. Daniel Diemer sin karakter Paul er også normal, men komisk nok i oppførsla til å fortene plassen sin. Utvikla av karakteren hans er kanskje meir interessant enn Ellie sin.

Når det gjeld ei total vurdering vil eg trekke fram inntrykket eg sit igjen med nokre dagar etter å ha sett filmen. Og det er at han ikkje gjorde noko inntrykk på meg, utover å vere ein fin film der og då. Så vil du sjå ein film som gjer varig inntrykk, så kan du hoppe over The Half of It.

The Half of It 2020 plakat - Filmdagbok