The Hateful Eight

Den åttande filmen til Quentin Tarantino er den mest underhaldande siden Death Proof. Om ikkje feilfri, så med ei tilnærming til filmskaping som garantert skil seg ut i mengda.

The Hateful Eight har ei produksjonshistorie som hadde vore interessant å gå meir innpå. Men sett forbi det skjulte til å vende blikket mot resultatet, så er dette ein i all enkelheit solid film. Om eg ikkje alltid har hatt smaken for innhaldet i filmane til Quentin Tarantino, så kan eg applaudere han som ein god filmskapar.

Dette er ein western inspirert av så mangt. Lengde og musikk kunne peika mot filmane til Sergio Leone. Men all tale, dialog og vald peikar tydeleg tilbake til Quentin Tarantino. To ting er klart, han lar seg inspirere, men gir ikkje inntrykk av å kopiere rått.

The Hateful Eight er ein lang film på over tre timar. Spenning og god dialog har ein god effekt som også tar tankane bort frå tid. Det blir aldri ein for lang film. Sjølv om eg gjekk til filmen med kunnskap om innhald og oppbygging. Kanskje forventingane blei justert deretter også.

Handlinga er ukomplisert. Mange menn og ei kvinne samlast i ei hytte i ein snøstorm. Dette er lugubre typar som du veit skjuler noko. Kvinna er i fangenskap, den eine mannen tar ho inn til næraste by, og resten er såkalla jokerar her. Historia bak er litt meir innfløkt.

Bilde og musikk bør nemnast på slutten som i ypparste klasse. Skodespel like så, sjølv om eit eller anna med Zoë Bell skurrar, men det er pirk. Fordeling av dei ulike forventa peika til dei typiske ingrediensane til Quentin Tarantino kan vippe over fleire, men også dette gjekk rett heim hjå meg.

The Hateful Eight 2015 plakat - Filmdagbok