The Heart Machine

The Heart Machine handlar i stor grad om ulike forventingar knytt til relasjonar på tvers av teknologi i dag.

Ein mann har eit langdistanseforhold til ei kvinne han har møtt på internett. Han oppdagar at ho eigentleg bur i same by som han, sjølv om ho har påstått anna. Og han set i gang med å finne ho.

Det er ei dose forfølging, to dosar ubehag på vegne av dei uforståelege forventingane til mannen, og resten er i grunn greitt. Problemet her er at filmen ikkje klarte å etablere for oss dei sterke kjenslene mannen tydelegvis har tidleg nok, og motivasjonen hans blir dermed uklar. Det er ukomplisert å anta, men for maks effekt bør filmen styre inn på dette på ein god måte.

Utover det er dette som sagt greitt. The Heart Machine gir inntrykk av å vere ein smal film, utan store ambisjonar, og som heller ikkje trår særleg feil. Det er litt spenning i forma for etterforsking mannen gjer, og ein fin bruk av bilde og scener frå New York som eg set pris på, og som gir liv til filmen.

The Heart Machine 2014 plakat - Filmdagbok