The Heart of Christmas

The Heart of Christmas er basert på ei historie om ein ung gut som får kreft, dei harde stundene til familien gjennom behandlinga, og til slutt den siste julefeiringa til guten som blir framskunda til oktober.

Det er på sett og vis ei rørande historie, og det er trist at det er ei sann historie. Men trass i dette byr ikkje The Heart of Christmas på den store filmopplevinga for min del. Det er fordi det blir i overkant av alt. Filmen druknar i si eigen formidling av tragedie og støtte.

Det handlar om målgruppa. Og eg er ikkje i målgruppa for ein film med religiøst innhald om familie og sjukdom. Men juletemaet og statusen til filmen som tv-film gjorde at han blei teken med blant julefilmane i år, og her var mitt vesle å sei om filmen.

The Heart of Christmas 2011 plakat - Filmdagbok