The Hearts of Age

Film / 1934
2/5

I følge IMDb er dette den andre filmen til Orson Welles. Medan eg har lese andre stader at det er den første. Uansett er det av det tidlege arbeidet hans. Det merkast. Her er ikkje regissøren finslipe.

The Hearts of Age er ein svart-kvit kortfilm som godt mogleg handlar om døden. Det er iallfall det eg har lese meg fram til. Eg forberedte meg i forkant av denne. Av erfaring får eg ikkje alltid så mykje ut av stumfilmar utan å ha sett meg inn i handlinga. Men har eg gjort det, så pleier eg gjerne å setje meir pris på ein film.

The Hearts of Age står fram som ein eksperimentell sak. Det er som noko som skulle ha vore laga på ei filmutdanning eller ein kunstskule. Eller heime i dag med tilgjengeleg utstyr på mobilen.

Med bakgrunn i dei beste bidraga til filmhistoria av Orson Welles, så er ikkje dette noko å anbefale. Det er heller ein nedtur sett i samanlikning. Sjå heller Citizen Kane på nytt.

The Hearts of Age 1934 plakat - Filmdagbok