The Hebrew Hammer

The Hebrew Hammer er sett til New York og sterkt inspirert av blaxploitation-filmen Shaft. I hovudrolla som privatdetektiven Mordechai Jefferson Carver, med tilnamnet The Hebrew Hammer, er Adam Goldberg.

The Hebrew Hammer er laga av og for Comedy Central. Humoren er lett, fornærmande og grov, og ikkje overraskande basert på vitsar om religiøse stereotypar. Det handlar om hanukka, og korleis den vonde sonen til julenissen skal forgifte unge jødar med julepropaganda. Målet er å ta knekken på hanukka ein gong for alle. Mordechai blir leigd inn av Jewish Justice League for å stoppe dette.

I utgangspunktet er filmen artig. Trass i å vere sterkt inspirert av Shaft har han sin eigen stemme. Regissør og manusforfattar Jonathan Kesselman går grundig til verks i å gjere narr av alt som har å gjere med hanukka, kwanzaa og jul. Likevel er det ein viss respekt for høgtidsfeiringar som skin gjennom.

The Hebrew Hammer har trong til å understreke kvart einaste poeng. Det blir sjeldan morosamt når du stadig blir minna på at noko skal vere morosamt. Det blir som når ein komikar ler av eigne vitsar eller pausar fordi han forventar latter. Det blir ubehageleg. The Hebrew Hammer hentar seg litt inn igjen på eit innhald som ikkje mindre banalt enn formidlinga. Men resultatet er uansett ikkje topp.

The Hebrew Hammer 2003 plakat - Filmdagbok