The Hills Have Eyes

Nyinnspelinga av Wes Craven sin The Hills Have Eyes frå 1977, som eg har til gode å sjå, har det meste eg kan forvente meg av ein overlevingsgrøssar. Mykje sand, støv og drit. Samt ferskt blod, inntørka blod, og blodsprut. Flammar, skriking, mutantar og ikkje minst dumme folk. No må det seiast at eg har sett grøssarar der folk er langt dummare, så denne filmen kjem godt opp på skalaen der. Det er heller ikkje animerte mutantar som kan hoppe som eit lengre steinkast, likevel om det er snakk om livsglade seigmenn.

Stemninga i filmen er lagt opp på den måten at eg heile tida sit å ventar på at noko skal sprette inn på skjermen, altså ingen psykologisk thriller her i garden. Som sjangerfilm er han ikkje verst. No har det seg slik at eg ikkje ser så ofte grøssarar, så iallfall halvparten av dei eg ser er anbefalte filmar. Men førre nyinnspeling av ein grøssar eg så, som var The Fog, klarte heller dårleg å skremme og underhalda. Likevel, det er ikkje ein film å skryte av dette her, mange stader er det heller tendensar til harry som får det til å gå kaldt nedover ryggen på meg enn noko anna.

The Hills Have Eyes 2006 plakat - Filmdagbok