The Hitcher

Har ikkje mamma sagt til deg at du må unngå å plukke opp haikarar? Jim Halsey (C. Thomas Howell) si mor har sagt det, men han følger ikkje rådet og plukkar opp John Ryder (Rutger Hauer) ei regnfull natt langs motorvegen. Ryder viser seg å vere psykopat av verste slag og etter kvart går det opp for Halsey at det ikkje berre er hjul som rullar langs motorvegen, men hovud også.

The Hitcher tar element frå fleire ulike thriller og grøssarar. Som for eksempel Steven Spielberg-filmen Duel. Han lager ein spennande film ut av det, men det framstår ikkje som ei røre. Skulle eg forandre ein ting med The Hitcher så var det å få inn meir Rutger Hauer.

The Hitcher 1986 plakat - Filmdagbok