The Hoax

Den eksentriske milliardæren Howard Hughes levde eit skjerma liv. Få visste noko om han i dei seinare leveåra hans, og få hadde nok kontakt med han. I The Hoax spelar Richard Gere ein forfattar som diktar opp ein autobiografi om Howard Hughes.

Filmen omhandlar historia sett frå sida til forfattaren, og er basert på ei bok om hendinga som kom etter hendinga. Ei løgn som blir større og større gir større fallhøgde og stor spenning, og fungerer godt som film.

Eg oppsøkte i hovudsak filmen på grunn av regissørrolla til Lasse Hallström. Dei mange filmatiseringane hans av bøker til drama er ofte flotte og gjerne kjensleladd. The Hoax skil seg ut ved å framstå som meir realitetsorientert. Filmar basert på sanne hendingar har ein tendens til å bli fortalt på ein mindre poetisk måte enn filmar med sitt utspring i fiksjon. Gjerne for at filmen skal framstå som truverdig, trass i at det er fiksjon. Det er slik The Hoax framstår. Eg observerer, og kritiserer ikkje.

Mange av filmane til Lasse Hallström kan nok skildrast som typiske, men oftast godt laga. Typisk som er adjektiv på lite oppfinnsam eller gjenkjenneleg. Sidan eg likar sjangeren han oftast held seg i, så er det flott. The Hoax høyrer til ein sjanger eg har mindre interesse av, og er også ein typisk film. Men det er godt nok laga til å bli ein passe interessant film på i underkant av to timar.

The Hoax 2006 plakat - Filmdagbok