The Hobbit: The Battle of the Five Armies

Den tredje og siste av The Hobbit-filmane er først og fremst ei lette over å bli ferdig. For meg som likar å fullføre det eg startar av film og serie, har denne dryge trilogien hengt over meg i tre år.

Det eg i hovudsak reagerer på er at det skal skje så mykje om så lite i The Hobbit: The Battle of the Five Armies. Eg ser ikkje alltid poenget, mistar tråden, og mistar dermed ein grunn til å bry meg om kva som skal skje.

Ei anna sak eg reagerer på er kor lite dette er ein film om Bilbo Baggins. Han er ein god karakter der han får komme til. I denne, og til dels dei førre filmane blir han ofte borte i mengda av andre karakterar eg bryr meg mindre om. At filmen tar store fridomar frå kjeldemateriale betyr at det like gjerne kunne ha blitt tilført noko mei til Bilbo, i staden for å gi alle dei andre tid og plas.

Eg har full forståing for dette som ein filmproduksjon og som eit forsøk på å skape noko større. Og på mange måtar likar eg nok av dette til å gi ein grei karakter. Det er alt det meiningslause tillegget og det lite fokuserte eg reagerer på. Og lengda.

The Hobbit: The Battle of the Five Armies 2014 plakat - Filmdagbok

Publisert

11. januar 2015 av

Merkelapp

The Hobbit

Regissør

Peter Jackson (I)

Manusforfattarar

Fran Walsh (I), Philippa Boyens, Peter Jackson (I), Guillermo del Toro, J.R.R. Tolkien

Skodespelarar

Ian McKellen, Martin Freeman (II), Richard Armitage (I), Ken Stott, Graham McTavish, William Kircher (I), James Nesbitt (I), Stephen Hunter (II), Dean O'Gorman, Aidan Turner (II)Vis alle 143 skodespelarar

Sjangrar

Eventyr, Fantasi

Land

New Zealand, USA

IMDb

IMDb-side om The Hobbit: The Battle of the Five Armies