The Hobbit: The Desolation of Smaug

Film · 2013 · · 17. desember 2013
3/5

The Hobbit: The Desolation of Smaug er den andre av dei tre The Hobbit-filmane, laga av Peter Jackson.

Han er tidvis eit gjesp, men har nokon underhaldande deler og er elles så bra laga at eg ikkje har hjarte til å gi han ei lågare rangering.

Problemet mitt med denne, som med den førre The Hobbit-filmen, er at det meste drar ut i tid. Og at han generelt handlar for lite om hobbiten Bilbo Baggins. Det er vanskeleg å finne nokon andre å knyte seg til og interesse seg for, når han ikkje er til stades. Dette går utover filmen.

Det meste minneverdige her er ei lang kampscene som går føre seg i tønner nedover ei elv. Det er i overkant komisk og passar eigentleg ikkje inn, men endar opp med å bli den delen av filmen eg likar best.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Hobbit: The Desolation of Smaug 2013 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Ian McKellenMartin Freeman (II)Richard Armitage (I)Vis alle

Sjangrar