The Holiday

The Holiday er ein romantiske komedie av Nancy Meyer med Kate Winslet, Cameron Diaz, Jack Black og Jude Law, om kjærleik på kryss og tvers av Atlanterhavet.

Nancy Meyer lagar filmar som har falle i god smak både før og etter The Holiday: Something's Gotta Give, It's Complicated og kanskje også What Women Want. Med namnet hennar følger det forventingar. Forventingane var likevel dempa av minnet om kritikken The Holiday fekk når han kom. Når eg så såg han første gongen, var han eit vonbrot. Men gongene eg har sett han etter det så har han blitt betre og betre.

Kate Winslet bur i England og har kjærleiksproblem. Cameron Diaz bur i USA og har kjærleiksproblem. Cameron Diaz byter hus med Kate Winslet. Cameron Diaz møter Jude Law. Kate Winslet møter Jack Black. Kliss og smask på kryss og tvers. Og det skjer rundt jul. Det er The Holiday. I mangel på fullstendig oversikt over tilsvarande filmar vil eg kalle det ein post Love Actually-film. Fleire kjente, fleire historier og ei høgtid.

Det er enkelt og bra, og det varer i over to timar. Love Actuall fekk til både enkelt og langt. The Holiday gjer det same. Gode karakterar herskar. Det er ikkje alle eg kjem under huda på, men nok av dei til å bli involvert i The Holiday. Cameron Diaz og Jack Black er nok dei som utstrålar minst. Men Kate Winslet og Jude Law har mykje å spele på.

Og så musikken og stemninga. Det går ikkje an å snakke om The Holiday utan å trekke fram det flotte lydsporet til Hans Zimmer, som spelar ein viktig del av dette.

The Holiday 2006 plakat - Filmdagbok