The Hound of the Baskervilles

Ingen stor produksjon dette her, men i botn ligg ein god kriminalroman av Arthur Conan Doyle. Som det ligg i korta da, så er dette ei Sherlock Holmes-historie, lagt til første halvdel av 1890-talet.

Ei eldre myte blir aktuell igjen når Sir Charles Baskerville blir myrda av noko som ser ut til å vere ein stor hund. Den nære vennen og kollegaen til Sherlock Holmes, Dr. Watson, slår følge med Sir Henry Baskerville, son til den avlidne, tilbake til Baskerville Hall.

Vidare møter me ein del folk som i ulik grad har noko å sei for årsaka til drapet på Sir Charles. Også andre historier blir miksa inn for å skape litt forvirring, typisk kriminalhistorie med andre ord.

Om filmen er god? Om du klarar å oversjå den dårlege produksjonen, som inneber eit skrøpeleg lydspor og bildekvalitet lik ei gjennomsnittleg tv-sending, så er dette ein spennande film. Det tar litt tid før det heile kjem i gang, noko som trekk litt ned. Basert på ei bok, som denne tv-filmen er, så er det forståeleg. Og eg trur ikkje han skil seg særleg frå mange andre kriminalhistorier som er overført frå klassiske bøker.

Likevel om eg har lese meir bøker enn det verker som den gjennomsnittlege ungdommen gjer, så har eg aldri lese anna Sherlock Holmes-materiale enn det som kjem fram gjennom Basil Mus. Poenget mitt er den at eg tykkjer at Sherlock Holmes som karakter er litt vel overlegen, samt han framstår som uhyre intelligent, og eit overnaturleg godt blikk for detaljar. Men dette er jo dei kjenneteikna som har gjort han til ein så godt kjent detektiv.

The Hound of the Baskervilles 1972 plakat - Filmdagbok