The Hudsucker Proxy

Film · 1994 · · 7. juni 2008
4/5

Tredje film ut i mitt firefilmarsmaraton av attverande filmar av Joel Coen og Ethan Coen er ei oppdikta forteljing om oppfinnaren av rockeringen.

The Hudsucker Proxy handlar om ein mann som får sjansen til å bli president i eit gigantisk konsern. Norville Barnes (Tim Robbins) er ikkje den smartaste av menn, men blir også hyra til å drive aksjekursen ned. Filmen fortel historia om talentet til Barnes i forretningsverda og problema som møter han.

Handlinga er sett til eit 1950-talsmiljø. Store delar av filmen er inspirert av 1940-talsfilmar om vanlege menn, som Frank Capra-filmane. Foto ser bra ut, karakterane er ikkje stor å utsette på heller, men når aldri toppen av interesse. Det er få, om ingen direkte svakheiter å sette fingeren på, kanskje fordelinga av dei ulike stadia i filmen er litt snodig ein gong i blant, spesielt partiet der Barnes oppfører seg som dritsekk i toppstillinga verkar å vere litt brå med tanke på kor sentralt dette partiet er.

Noko var det iallfall som fekk meg til å tenke på dette som ein svakare film av Joel Coen og Ethan Coen enn for eksempel Barton Fink. Likevel skal det seiast at dette er ein sterk film som aldri blir kjedeleg.

The Hudsucker Proxy 1994 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Tim Robbins (I)Jennifer Jason LeighPaul Newman (I)Vis alle

Sjangrar