The Hundred-Foot Journey

The Hundred-Foot Journey er historia om ein indisk familie som buset seg sør i Frankrike, og opnar ein restaurant med indisk mat like over gata frå ein Michelin-stjernebelønna restaurant med fransk mat.

Sentralt i den indiske familien er sonen Hassan (Manish Dayal) som har talent for mat og sansen for smak, og den dominerande faren (Om Puri) som har sine rare påfunn.

Lasse Hallström har regissert denne filmen som gir ei god kjensle, og som miksar ingrediensane mat og familie. Det er eit godt utgangspunkt, og det heile tar seg godt ut reint visuelt også. Filmen oppnår å treffe med nokre av sine kjensleladde stunder, men totalt sett stikk ikkje filmen djupt nok. Det blir for lite mat eller for lite dramatikk, det er i grunn uvesentleg. Det vesentlege poenget er at filmen ser ut til å haste seg forbi dei gode stundene for å fortelja ei historie om Hassan som ikkje når høgt nok.

Filmen er god nok til at to timar går greit unna, og er hårfint unna å nå eit steg opp på karaktergivinga. Hadde eg gått inn for å skrive lengre, så ville eg ha plukka ut enkelte detaljar som er med på å gjere heilskapen litt flatare og kjedelegare enn eg likar. Men eg held meg til den enkle forklaringa om at filmen er god, men manglar det vesle ekstra.

The Hundred-Foot Journey 2014 plakat - Filmdagbok