The Hunger Games: Mockingjay - Part 1

Basert på den siste boka i The Hunger Games-trilogien, er dette den førebels svakaste av filmane eg har sett. Mens eg har den siste til gode å sjå seinare. Etter mi meining er dette også basert på den svakaste boka.

Med The Hunger Games: Mockingjay - Part 1 blir det forsøk å vere meir politisk, og i dette famlar filmen på elendig vis. Samtidig er det klart at dette blir dratt ut for å få sjansen til å lage to filmar. Det blir mykje venting, terping og lite framgang.

Eg er i godt humør når eg gir filmen 3/5, og baserer delvis dette på gode opplevingar eg har hatt med dei to førre filmane. Som del av ein serie kan dette skildrast best som den meiningslause fyllepisoden, men samtidig har han sentrale poeng som vil bygge opp mot slutten.

Dei to gongene eg har sett filmen har eg komme fram til same konklusjon begge gongene. Andre gangen hadde eg lågare forventingar, og såg filmen mest for å friske opp minnet før eg gjekk i gong med siste. Og litt for å kunne skrive ned dette innlegget basert på meir enn eit vagt minne, slik det førre innlegget mitt om The Hunger Games: Mockingjay - Part 1 var.

The Hunger Games: Mockingjay - Part 1 2014 plakat - Filmdagbok

Publisert

25. februar 2016 av

Merkelapp

The Hunger Games

Regissør

Francis Lawrence (II)

Manusforfattarar

Peter Craig, Danny Strong, Suzanne Collins

Skodespelarar

Jennifer Lawrence (III), Josh Hutcherson, Liam Hemsworth, Woody Harrelson, Donald Sutherland (I), Philip Seymour Hoffman, Julianne Moore, Willow Shields, Sam Claflin, Elizabeth Banks (II)Vis alle 122 skodespelarar

Sjangrar

Action, Eventyr, Science fiction, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om The Hunger Games: Mockingjay - Part 1