The Hunger Games: Mockingjay - Part 2

Siste del av The Hunger Games-serien er framhaldet til The Hunger Games: Mockingjay - Part 1. Dette var ein film eg ikkje hadde spesielt sansen for, resten av serien tatt til vurdering.

The Hunger Games: Mockingjay - Part 2 rettar litt på dette. Men det var ein dårleg idé å dele dette i to i utgangspunktet. Eg har ingenting i mot filmseriar. Men når det gjeld filmar som denne og førre som heng så tett saman, og som blir lansert med eit år i mellom kvarandre, så likar eg det ikkje.

I dette som er innspurten med Katniss Everdeen (Jennifer Lawrence) i ei dystopisk verd, der ein diktator utnyttar segmenterte samfunn i kommuniststil, er det ein god del action og ein god flyt.

Det blir tid til å avslutte mange trådar, i den grad at filmen nok er ein halvtime for lang i seg sjølv. På toppen av at denne og førre eigentleg burde ha vore ein to timer lang film til saman.

Eg likar ikkje dette så godt. Det som The Hunger Games var for meg i byrjinga, er borte. Bøkene og første filmen var spennande. Men resten av filmane har stort sett vore dystre på alle vis, Stasi-agent hardt på å vere seriøse, framstått som litt tåpelege og hatt ein ubehageleg påtrengande forteljarstil. Det er som dei prøver å tvinge på meg eit verdisyn som verken er samanhengande eller fornuftig. Med andre ord like rotete og med avstand til ei sanning som så mykje anna.

Sett på som ein total kan eg ikkje anbefale å starte på The Hunger Games-filmane. Til det har eg kjeda meg for mykje. Dei litt over gjennomsnittlege rangeringane mine har stort sett reflektert dei positive inntrykka mine, som ikkje er heilt fråverande.

The Hunger Games: Mockingjay - Part 2 2015 plakat - Filmdagbok

Publisert

1. april 2016 av

Merkelapp

The Hunger Games

Regissør

Francis Lawrence (II)

Manusforfattarar

Peter Craig, Danny Strong, Suzanne Collins

Skodespelarar

Jennifer Lawrence (III), Josh Hutcherson, Liam Hemsworth, Woody Harrelson, Donald Sutherland (I), Philip Seymour Hoffman, Julianne Moore, Willow Shields, Sam Claflin, Elizabeth Banks (II)Vis alle 178 skodespelarar

Sjangrar

Action, Eventyr, Science fiction, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om The Hunger Games: Mockingjay - Part 2