The Hunger Games

Det er lett å henge seg opp i samtidig filmkritikk i premieretidene til ein etterlengta storproduksjon. The Hunger Games hausta gode kritikkar, med ei og anna stemme om at filmen er for lite kritisk til barnedrap. Eg set ikkje ut med mål om verken det eine eller andre. Dette innlegget blir det som det blir.

The Hunger Games er først ute i ein trilogi basert på bøkene av Suzanne Collins. Handlinga er sett til ei dystopisk framtid. Kvart år er 24 tilfeldig utvalde barn nøydd til å kjempe om livet, og kampen blir sendt direkte på tv. Kampane er eit ledd i å kontrollere tolv fattige, råvareproduserande distrikt frå å gjere opprør mot ein rik, kontrollerande hovudstad. Alt byggjer på frykt.

Eg har lese bøkene. Filmen er overflatisk til samanlikning. Inntrykket mitt er at oppegåande folk som ikkje har lese boka får det same utbyttet som meg.

Det handlar om at distrikta er fattige, hovudstaden er rik og utnyttar distrikta, og at det er tid for forandring. Kjærleikshistoria gjer det lett og underhaldande. Desse poenga får filmen fram.

Filmen har låg aldersgrense. Det er lite som er grafisk støytande, men mykje virring med kamera. Det gjer ikkje så mykje, filmen får fram det grufulle. På ein festleg måte.

Den største misnøya mi ligg i måten det blir fortalt på. Mange detaljar skal med. Detaljane styrer handlinga og gir difor utbytte. I filmar med god oppbygging blir mange detaljar introdusert ei stund før dei blir brukt. Eit våpen som blir prøvd ut i starten av ein film blir difor inga overrasking seinare i filmen. Slike frampeik legg du lite merke til, men dei gir ei aha-oppleving når dei blir brukt. The Hunger Games byggjer ikkje langsiktig. Det kjennest som om innhaldet kjem tilfeldig. Som om det er ting frå boka som berre må med.

På ei anna side har filmen faktisk kutta ut mange detaljar frå boka, for å gi ei meir oversiktleg handling. Denne samanlikning med boka seier meir om prosessen enn om filmen, og må bli vurdert deretter.

Kjerna i problemet er at filmen er for enkel. Informasjonen er lett tilgjengeleg, men gir mindre utbytte i lengda. Mangel på støytande grafisk er i sterk kontrast til den blottande måten å fortelje på og alvoret i handlinga. At me ikkje ser verda her for alt det grufulle, kan bli tolka som at me er ein betraktar på linje med uvitande folk i byen Panem. Boka er i større grad ei vurdering frå Katniss (Jennifer Lawrence) si side.

Eit problem med filmen er altså inkonsistent bruk av verkemiddel. Det er mykje godt å hente ut herifrå, men er alt like godt gjennomtenkt? Eller er det kjeldemateriale som fortener skrytet?

Eg vil så skryte av Jennifer Lawrence, som er støtta av eit greitt manus. Stanley Tucci er morosam som programleiaren Caesar. Overspelinga hans går hand i hand med all den kamuflerande glamouren som hovudstaden byr på.

Eg kan likevel ikkje leggje skjul på at eg er fan, lét meg underhalda og til tider blei oppslukt av filmen. Dommen er positiv, trass i all kritikken i dette innlegget.

The Hunger Games 2012 plakat - Filmdagbok

Publisert

27. mars 2012 av

Merkelapp

The Hunger Games

Regissør

Gary Ross (I)

Manusforfattarar

Gary Ross (I), Billy Ray (I), Suzanne Collins

Skodespelarar

Stanley Tucci (I), Wes Bentley, Jennifer Lawrence (III), Willow Shields, Liam Hemsworth, Elizabeth Banks (II), Sandra Ellis Lafferty, Paula Malcomson, Rhoda Griffis, Sandino Moya-SmithVis alle 145 skodespelarar

Sjangrar

Action, Eventyr, Science fiction, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om The Hunger Games