The Hunter

Willem Dafoe blir sendt til den tasmanske villmarka i Australia for å jakte på eit attlevande eksemplar av den tasmanske tigeren.

Den tasmanske tigeren døydde ut tidleg på 1900-talet. Nokon spekulerer i om det framleis finst nokon ville eksemplar, og det er slike idear som The Hunter baserer seg på.

Martin David (Willem Dafoe) blir leigd inn av eit militært selskap for å hente inn prøvar teke frå dyret. Ved tilkomme i Tasmania møter han ugjestmilde lokale. Jakta blir meir risikabel med uvennlege i kulissene.

The Hunter held på spenningen ganske lenge. Det er spenning mellom Willem Dafoe og dei lokale. Arbeidsløyse der har gjort alle besøkande til uvedkommande. Og det er spenning i jaktscenene med Willem Dafoe. Både naturen og inntrykket av å bli overvaka tynger.

Det er meir menneskelege sider ved filmen også. Besøket hjå familien som Willem Dafoe har base hjå hentar fram meir av han som person enn andre deler av filmen klarer.

Oppbygginga er på plass, men for min del klarte ikkje resten av filmen å leve opp til ho. Ting skjer for fort, og potensialet i ei god tragedie forblir eit potensiale.

Eg er stor fan av filmar på rundt 90 minuttar, og tykkjer at mange filmar brukar for lang tid på verdilause scener. For meg er det scener som verken utviklar historie eller personar. Det finst sjølvsagt unntak, og det er ingen fasit.

The Hunter er ein film som gjerne kunne ha vore lenger. Det er ein personleg preferanse, men både tid med nemnde familie og i flott villmarksnatur hadde gjort seg.

Utover desse tankane tykkjer eg at The Hunter var ein god film. Med spenning og ei handling som kjem så vidt under huda på meg.

The Hunter 2011 plakat - Filmdagbok