The Hurt Locker (2008)

Film / 17. august 2015
4/5

En spesialgruppe amerikanske soldatar i Irak køyrer rundt for å desarmere bomber. James (Jeremy Renner) blir med i gruppa og er ein fyr som tar store sjansar, men samtidig en av dei dyktigaste til jobben til å desarmere.

The Hurt Locker skildrar deira opplevingar og påkjenningane dei møter i kvardagen, og ikkje minst over tid. Det er fullt av spenning undervegs i kvart einaste møte med fare. Filmen hoppar i stor grad fra det ene sånne til det andre. I blant blir også vist kva dødtida i leiren kan bli brukt til.

Målet til filmen er heimturen heim, som er visst mange dagar unna. Utanom dette har ikkje filmen noe skikkeleg start- eller midtparti, og framstår meir som ei samling av det beste og mest spennande innanfor tidsperioden.

To timer går fort. På grunn av både spenning og variasjon. Ettersom filmen ikkje følger et løp med kjente spenningskurver, så bryr eg meg heller med det som skjer undervegs enn at det skal bli over. Samtidig er greier som tema og vinkling interessant. Folkene som er med gjer ein god jobb. Det meste sit i grunn godt, og bidrar til å gjere totalen god.

I lag med Zero Dark Thirty har Kathryn Bigelow laga to flotte krigsfilmar som begge berører krig i moderne tid på en seriøs og god måte. Eg held ein knapp på Zero Dark Thirty, men synst The Hurt Locker er svært nære, og vil anbefale begge to.

The Hurt Locker 2008 plakat - Filmdagbok

Regi

Kathryn Bigelow

Manus

Mark Boal

Skodespelarar

Jeremy Renner, Anthony Mackie, Brian Geraghty, Guy Pearce, Ralph Fiennes, David Morse (I), Evangeline Lilly, Christian Camargo, Suhail Aldabbach, Christopher Sayegh

Sjangrar

Drama, Historie, Krig, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om The Hurt Locker

Forfattar